Hopp til hovudinnhald

Designelement

Designelementet er ei vidareføring av tanken bak emblemet — forenkla interaksjon som metafor for digitalisering.

Digdir si visuelle profil har eit designelement som skapar stor gjenkjenningsverdi. Designelementet tilfører profilen kraft og dynamikk, og forsterker konseptet forenkling. Dette fungerer godt som sjølvstendig element, eller som bakgrunn for tekst. Elementet kan brukast både fleirfarga og som einsfarga, gjerne med dynamiske utsnitt.

Digdirs designelementer

Oppbygging

Designelementet er ei vidareføring av logoemblemet, og blir bygd opp av ein interaksjon mellom sirkel og kvadrat. Det har ei uendelig mengde variasjonsmoglegheiter. Du kan bruke eit av dei ferdige oppsetta, eller du kan bygge din eigen variasjon hvis du har tilgong på Adobe Illustrator. Designelementet brukast anten i dei reine profilfargane, eller i kombinasjon med kvarandre.

Plassering

Vi bruker stort sett mønsteret på høyre kant, godt ned på flata, slik at det står i fint diagonalt samarbeid med logoen øverst til venstre. Eventuelt kan mønsteret plasserast over heile produktet, der det passar inn. Det er viktig at mønsteret alltid blir behandla som eit designelement, og at det aldri kjem i vegen for innhaldet.

Tilgang

Vi har utvikla totalt fem ferdige forskjellige variasjonar du kan velge mellom.