Blogg
Sidemalen skal vise innhald som skal knyttast til arkivet for blogginnlegg.
For å kunne lage eit blogginnlegg må du avklare om forfatteren av blogginnlegget ligg i systemet. Du kan sjekke dette kjapt ved å legge inn personens navn i feltet for forfattar.
- Intern: Er bloggaren ein ansatt i Digitaliseringsdirektoratet, skal du alltid kunne finne personen. Da må du sjekke at bilete og omtale er lagt inn – les meir om innhaldstypen Ansatt.
- Ekstern: Er det snakk om ein gjestebloggar, og du ikkje får opp personen i forfattarfeltet, må du legge inn informasjon om denne personen – les meir om innhaldstypen Person.
Presentasjonen av bloggaren blir vist kort i starten og meir utførleg til slutt. Formen på dette skal være standardisert.
Pass på ditt ansvar
Du som redigerer sider, er ansvarleg for å
- skrive godt og klart språk
- sikre universell utforming av alt innhald
- skrive minst 25 % av innhaldet ditt på nynorsk
Slik lagar du eit blogginnlegg
Å skrive gode blogginnlegg er mindre krevande å skrive enn ein fagartikkel, kronikk eller nyheitsartikkel. Ein bloggpost er skrive i eg-form, og referer til eigne erfaringer, opplevingar og resonnement. På intranettet til Digdir kan du finne veiledning om å skrive blogginnlegg.
- Vel Innhald > Legg til innhald > Blogg
- Vurder målform under Språk. Skriv gjerne fleire saker på nynorsk, men husk da å endre frå Bokmål, som er standardinnstilling til Nynorsk.
- Legg inn tittel og ingress.
- Legg inn antall minutt det vil ta å lese blogginnlegget. Rund av til nærmeste heile minutt.
- Legg til forfattar(ar): Skriv inn fornavn eller etternavn, og velg riktig person.
- Vel emneord i feltet for taksonomi. Val av emneord vil avgjøre hvor du kan vise saken som en lokal nyhet.
- Vel bloggtype: tekst, video eller podkast.
- Legg til eit bilete for visning av blogginnlegget.
- Under modular: Legg til dei modulane du treng for at blogginnlegget ditt skal bli godt. Modulen Brødtekst er tilgjengelig først, og har full editor. Du kan endre rekkefølge på modulane ved å dra i dra-og-slipp-ikonet.