Layout
Her finn du inspirasjon, råd og eksempel på layout underlagt vår visuelle profil.
Reglar
Ein hovudregel for bruk av god layout er at designelement aldri kjem i konflikt med innhald og tekst. Da er det viktig å:
- tydeleggjere kommunikasjon
- sikre god lesarvennlegheit
- signere med ein tydeleg avsendar
Det er viktig å fokusere på ei forenkla brukeroppleving, der innhald blir presentert så tydeleg og forenkla som mogleg. Dette gjeld både språk og visuell form — sjå også vår offisielle språkprofil. Lesaren skal raskt forstå kva som blir presentert, og kvifor dette er viktig nok til å sette seg inn i.
Eit anna vesentlig punkt i våre utsendingar er universell utforming. Vi skal alltid legge opp til optimal lesarvennlegheit, både i tekststørrelse, fargebruk og bruk av nok negativ luft.
Tips
Rolege flater gjer innhald og tekst tydeleg. Pass på å gi nok plass til (negativ) luft, slik at det er innhaldet som får fokus.