Hopp til hovudinnhald

Rapportside

Ei rapportside høyrer til ei rapportframside. Rapportsida blir som eit kapittel i rapporten, og titlene til dei andre tilhøyrande rapportsidene blir synlege i menyen på kvar rapportside.

    Rapportsider kan berre bli oppretta av Editor.

    Kontakt redaktøren din om du treng ei rapportside. Fortell kva slags tittel du ønsker, kva slags målform sida skal ha, kva rapport ho høyrer heime i og kvar i rapporten ho skal bo. Når redaktøren knytter sida til rapportframsida, vil rapportsida få banner, meny, navigasjon og brødsmulesti.

    Husk: Nye sider er synlege for publikum omtrent 15 minutter etter at dei er publisert.

    Fagredaktøren har eit ansvar

    Hugs at du som redigerer sider, er ansvarleg for å

    Slik redigerer du starten av sida

    Vurder målform under Språk. Lag gjerne fleire sider på nynorsk, men hugs då å endre frå bokmål, som er standard innstilling, til nynorsk. Da vil koding og opplesing bli riktig.

    Tittelen skal vere unik og poengtert.

    Ingressen bør ikkje vere lengre enn 4 liner. Den skal utdype tittelen og gi lesaren nok informasjonen om sida til å lese videre. Unngå metatekst av typen "her finn du...". Gå heller rett på sak, og vær informativ.

    Bilde til deling i sosiale medier

    På alle sider er det mulig å velge eit bilete som blir vist når man deler sida i sosiale medier. Dette biletet blir ikkje synleg på nettsida.

    Global taksonomi

    Velg først det emneordet som innholdet handlar mest om. Dette valet vil bli gjenspegla i URLen.

    Legg til fleire emneord om dei er aktuelle, blant anna for visning av aktualitetsstoff på ulike temasider.

    Flyttbare modular for innhald

    Innhaldet på rapportsida blir presentert gjennom ei rekke ulike flyttbare modular. Du kan endre rekkefølge på modulane ved å dra i dra-og-slipp-ikonet.

    Lengre sekvensar med brødtekst kan du gjerne dele opp i fleire brødtekstmodular. Det gir deg fleksibilitet i oppbygginga av innhaldet.

    Legg gjerne ein ny modul med brødtekst mellom andre modular. Dette gir variasjon for lesaren.

    Skal du presentere grafikk, bør du legge dataene inn i et verktøy som Tableau, PowerBI eller Highcharts, og så bruke modulen Infografikk til å vise det i rapporten.

    Slik redigerer du brødteksten din

    Bruk modulen Brødtekst for innhald med rein tekst. Den er raskast tilgjengeleg i nedtrekkslista, og den har full editor.

    1. Brødteksten skal helst starte utan ny overskrift. Fortel det viktigaste lesaren treng å vite etter introduksjonen i tittel og ingress.
    2. Lag korte avsnitt. Fortel berre ein bodskap i kvart avsnitt.
    3. Bruk overskrifter til å sortere innhaldet. Gode overskrifter med viktige nøkkelord gjer innhaldet skannbart for lesaren.

    Tittelen på sida er Overskrift 1 (Heading 1 – ofte kalla H1).

    I modulen for brødtekst kan du formatere overskrifter i

    • Overskrift 2 (Heading 2 – H2)
    • Overskrift 3 (Heading 3 – H3)
    • Overskrift 4 (Heading 4 – H4)

    Overskriftene skal komme i hierarkisk rekkefølge. Dette betyr at du bruke H2 før du kan bruke H3. Tilsvarande må du bruke H3 før H4.

    Anbefaling: Bruk H3 om du har mykje innhald under ei overskrift på nivå H2.

    Unngå mykje bruk av kursivert tekst. Bruk det helst berre til titler på publiserte utgivingar.

    Har du behov for å utheve eitt eller fleire ord, bør du bruke feit skrift.

    Viktig: Ikkje bruk feit skrift til overskrift.

    Feit skrift er heller ikkje bra å bruke på heile setninger. Har du behov for utheving av eit slikt omfang, er det betre å bruke anna funksjonalitet, slik som faktaboks.

    Modul til starten av sida

    Modul for dokumenter (vedlegg)

    Moduler for framheva innhald

    Moduler for kontaktinfo og personomtale

    Lagre og publisere

    Du kan lagre sida når du ønsker – både før og etter publisering.

    Har du gått inn på ei side for å redigere, men ønsker å avbryte utan å lagre? Eller hadde du berre behov for å sjå litt i redigeringsmodus? Då kan du velge knappen Avbryt.