Hopp til hovudinnhald

Nynorsk i Digitaliseringsdirektoratet

Minst 25 prosent av alt innhaldet på nettsider, i sosiale medier og i trykt materiell må vere på nynorsk. Alle skjema og malar må vere på begge målformer. Slik gjer du det i praksis.

    Reglane i språklova

    • På nettsider, i stillingsannonsar og i rapportar og anna skriftleg tilfang skal ingen av målformene vere representerte med mindre enn 25 prosent hos sentrale statsorgan.
    • Skjema skal vere tilgjengelege i begge målformer.
    • Innbyggarane skal få svar i den målforma dei sjølv har nytta i brevet til statsorganet.

    Rutinar

    • Minst kvar tredje nye nettside du publiserer, skal vere på nynorsk. Det same gjeld for nyheitsbrev, rapportar, stillingsannonsar, brosjyrar etc.
    • Det er eit leiaransvar å sørge for god nok kompetanse i nynorsk. Viss du sjølv ikkje er stø i nynorsk, kan du snakke med leiaren din for å finne andre i di avdeling som kan hjelpe.
    • Kommunikasjonsavdelinga kan korrekturlese og språkvaske mindre tekstar.

    Kva slags nynorsk skriv vi i Digitaliseringsdirektoratet?

    I tekstar som har ei stor gruppe mottakarar, bør du bruke eit relativt bokmålsnært nynorsk. Til dømes skriv vi:

    • Også, ikkje òg
    • Vi, ikkje me
    • Hos, ikkje hjå
    • Gi, ikkje gje – og dermed t.d. arbeidsgivar, ikkje arbeidsgjevar
    • Lønn, ikkje løn
    • Linje, ikkje line (retningslinje, ikkje retningsline)

    Men

    • Døme, ikkje eksempel
    • Verte, ikkje bli
    • Noreg, ikkje Norge

    Du står likevel fritt til å velje den nynorsken du kjenner deg «heime» i – men unngå ord som er vanskelege å forstå. Klarspråkreglane gjeld sjølvsagd både på bokmål og nynorsk.

    I tekstar på begge målformer

    Viss du skriv ein tekst som finst på begge målformer, kan du velje å bruke ein meir konservativ / ikkje bokmålsnær nynorsk. Det same gjeld viss du skriv til ei målgruppe som sjølv skriv nynorsk, til dømes nynorskkommunar eller viss du svarer på ein førespurnad som er skriven på nynorsk.

    Skal du gjere endringar i ei nettside som allereie er på nynorsk?

    Nynorsk har mange valmoglegheiter. I ein og same tekst bør desse vala gjerast konsekvent. Les gjerne lista over valfrie ord- og bøyningsformer på nynorsk.

    Her er nokre tips viss du skal endre ein allereie skriven nynorsktekst:

    • Sjekk kva endingar som er brukt i teksten, og bruk dei same endingane.
    • Sjekk om det er brukt -j-verb (t.d setje i staden for sette). Legg deg på same linja. Merk at nokre verb skal ha j, til dømes krevje.
    • Sjekk kva former som er brukt elles i teksten, og ver konsekvent i høve til det, til dømes: bøying av å ta, også/òg, vi/me.
    • Sjå gjerne Språkrådet sine råd om å bruke konsekvent nynorsk.

    Treng du å omsetje tekst?

    Digitaliseringsdirektoratet har rammeavtale om omsetjing. Les om avtala på våre intranettsider. Ved større oppdrag, ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga.

    Nynorsk i søk

    Ta kontakt med nettansvarleg i Digitaliseringsdirektoratet for å få sett opp synonymhandtering i søk, slik at ein til får treff i nynorske tekstar når ein søkjer etter bokmål (til dømes treff på «leiing» når ein søkjer etter «ledelse»).

    Ressursar